Over 400.000 kroner på kampanjekontoen

Summen som viser kor mykje Redd økoskulen! har samla inn blir oppdatert to gonger i veka. Fredag 5. desember har kampanjen nådd ein milepåle. Sidan måndag har summen auka frå 261.696  kroner til 401.015 kroner! Tusen takk til alle som bidreg!

Ein stor del av æra for aukinga går til alle dei som arrangerte noko på den nasjonale rekorddagen forrige helg. Berre på laurdagen vart det samla inn over 100.000 kroner. Den ekstra store givergleda denne uka er truleg ei ringverknad av merksemda som ble skapt. I tillegg kjem ein del pengar frå sal av luker i økoskulen sin julekalender. Håpet er å selje luker for totalt 300.000 kroner.

Venneforeininga er svært takksame og optimistiske som følgje av utviklinga i kronerullinga. Det trengst mykje meir pengar, men dess meir kjend saka blir, dess meir støtte får ho. Meir pengar i potten aukar sjansane for at ein får gjort naudsynte utbyggingar / ekstraordinært vedlikehald som skal sikre vidare skuledrift. Venneforeininga stolar på at fleire organisasjonar og bedrifter vil kome på banen etter kvart som dei ser at folk frå heile landet bryr seg. Bevilgninga på 5 millionar kroner frå staten viser tydeleg skulen sin verdi for samfunnet. Dette signalet er viktig nå før fylkespolitikarane skal stemme over saka om SJH 10. desember. Meir om det komande Fylkestinget kjem snart.

WordPress nettside laget av Oransje webdesign