Fyrste delseier i sikte

Tilrådinga frå fylkesrådmannen og hovudutvalet for opplæring i høve til Sogn Jord- og Hagebruksskule si framtid er klar. Saka skal opp i Fylkestinget 9. desember. Venneforeininga er nemnt i saksframlegget og noterer seg at tilrådinga inneber at elevinntaket går som normalt hausten 2015. Fylkesrådmannen vurderer det til at avvikling av skuledrifta vil ha store negative […]

Les meir

Fest på Duehuset til inntekt for Redd økoskulen!

Laurdag 29. november mobiliserer heile landet for Sogn Jord- og Hagebruksskule, og høgdepunktet skjer i Aurland! Det blir fest på Duehuset med westernrockbandet Yuma Sun frå Bergen – og quiz med Terje Horvei som quizmaster. Program: 21:00–23:00 Quiz med Terje Horvei 23:00–24:00 Konsert med Yuma Sun 24:00–02:30 Pubkveld Vi lovar høg stemning og ei kjempefeiring […]

Les meir

Rekordinnsamling av elevane

Laurdag 15. november nådde dei engasjerte elevane frå Sogn Jord- og Hagebruksskule nok ein milepel. Denne dagen reiste seks elevar til Bondens Marked i Bergen og kom tilbake med over 10.000 kroner til Redd økoskulen! Resultatet meir enn tredobla forrige rekord frå sal av Redd økoskulen!-produkt på marknad. Men den høge summen er ikkje tilfeldig. […]

Les meir

Nydeleg video frå Open dag

Tusen takk til elev og huskunstnar Petter Napstad som har laga ein video som viser mangfaldet på Open dag laurdag 1. november. Har du ikkje sett økologiske Sogn Jord- og Hagebruksskule før, har du sjansen nå! Petter si heimeside finn du her: www.petternapstad.com

Les meir

10.000 kroner frå Luster bondelag

Luster bondelag, eit lokallag i Sogn og Fjordane bondelag, har vedteke å gi eit sjenerøst bidrag på 10.000 kroner til kampanjen. Tusen hjarteleg takk! Her skriv dei kvifor: «Årsmøtet var tydelig på at det er avgjørende for rekrutteringen til landbruket i vår region at det finnes gode landbruksskoler i nærheten. Videre er det like viktig […]

Les meir