Julekalender

Økoskulen sin julekalender var ein del av kampanjen Redd økoskulen! Kampanjen skulle sikre vidare drift av Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH), landets einaste heiløkologiske landbruksskule.


←    →

Elev og kunstnar Petter Napstad laga 24 unike teikningar som viser mangfaldet i undervisinga. Dei som bidro ved å kjøpe ei luke i julekalenderen, får tilsendt den innramma originalteikninga som tilhøyrer luka. Teikninga er eit minne om korleis elevar, økoskulen si venneforeining og dei som støttespelarar saman har gjort ein uvurderleg innsats for å sikre utdanning av økologiske bønder i framtida. Ingen økomat utan økobønder!

Frå 1. til 24. desember opna Redd økoskulen! ei luke kvar morgon og publiserte den unike teikninga på nettsida og Facebook saman med eit sitat frå lukekjøparen.

Luke nummer 1 kosta 1000 kroner, luke nummer 2 kosta 2000 kroner, luke nummer 3 kosta 3000 kroner og så vidare. Da alle lukene var selde 12. desember, var det altså samla inn 300.000 kroner meir til kampanjen takka vere julekalenderen. Trykk av dei 24 teikningane kjem til å bli hengd opp på SJH for å synleggjere alle støttespelarane. Både privatpersonar, organisasjonar og bedrifter bidro. Tusen takk!

Publiserte teikningar og sitat frå kjøparane ligg på denne sida.