Om Redd økoskulen!

Kampanjen Redd økoskulen! er nå avslutta grunna positivt vedtak i fylkestinget 10. desember 2014. Les meir.

Kan verkeleg Norge sin einaste økoskule verte lagt ned?

Ja. Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i desember 2011 at drifta på SJH må avviklast dersom dei ikkje lykkast med å få på plass ei fullfinansiering av naudsynt utbygging på skulen.

Kan skulen reddast?

Ja, om alle med hjerte for økologisk mat og landbruk bidrar i kampanjen ”Redd økoskulen!”

Kvifor har venneforeninga lansert kampanjen ”Redd økoskulen!”?

Dersom Aurland kommune, staten og andre partnarar klarer å reise tilstrekkelig kapital har Sogn og Fjordane fylkeskommune signalisert at dei kan dekke 60 % av naudsynte kostnader.Venneforeninga har som mål å reise kapital for å sikre fullfinansiering av naudsynt utbygging. Vedtektene til venneforeninga kan du lese her.

Kva rolle spelar SJH i Norge i dag?

Skulen er den einaste landbruksskulen som tilbyr ei yrkesutdanning der du utdannar deg til økologisk agronom. Les meir på skulen sine sider her. Utdanningstilbodet ved SJH er viktig for å kunne nå det politiske målet om 15 % økologisk produksjon og forbruk i Norge innan 2020. Forbrukarane etterspør i større og større grad økologisk mat. Andelen norskprodusert økologisk mat vert mindre om det ikkje også vert utdanna bønder som kan produsere mat etter økologiske prinsipp. Skulen er i tillegg eit kraftsenter for bærekraftig næringsutvikling og kompetansemiljø for lokal vidareforedling, til dømes ysting. Les meir om fordelane ved økologisk landbruk her.

Kvifor set skuleeigar vilkår om utbygging for å driva skulen vidare?

Skulebygningane tilfredsstiller ikkje krav til universell utforming og offentlege krav til undervisingsrom. Bygningane er dessutan dårleg isolerte og mange bygningsmessige utfordringar tilseier at nybygg er einaste alternativ. Undervisingsbygg og internat er frå siste halvdel av 40-talet og held ikkje lenger dagens standardar. Men jorder og åkrar er fruktbare og i god hevd.

Kva mål og delmål har kampanjen?

  1. Vi ynskjer å samle ei brei medlemsmasse som kan vise at denne saka skal løysast! Dette viser du ved å tinge livstidsmedlemskap i Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening. Prisen på 200 kroner er ein eingongssum.Vi treng å vise at mange er opptekne av at SJH fortsatt skal vere ein skule med undervising i økologisk landbruk. Teikn medlemskap her!
  2. Vi ynskjer at flest mogleg bidrar med økonomisk støtte utover medlemskontingenten. Alle monner drar og samstundes viser dette politikarane at vi har grasrota i det norske økologiske landbruksmiljøet med oss. Målet er at «Redd økoskulen!» klarer å skaffe resten av kapitalen som skal til og/eller medverkar til at vi kjem i hamn med utbygginga ved skulen. Gje eit økonomisk bidrag til kampanjen som skal sikre norsk produksjon av økologisk mat i framtida! Kontonummer i etiske Cultura Bank: 1254.20.79906. Merk innbetalinga med navn og e-postadresse hvis du ynskjer å bli kontakta av oss. Les meir om korleis du kan bidra her!

Kvifor må du og eg gå inn og redde ein offentleg skule?

På grunn av trong fylkesøkonomi har Sogn og Fjordane fylkeskommune utfordra vertskommunen Aurland, staten og andre til å vera med på eit spleiselag. Desto fleire som bidreg, desto større er sjansen for at politikarane både på fylkesnivå og sentralt tek større ansvar. Om vi klarar å samla inn ein respektabel sum pengar, vil politikarane som har lova å støtta opp under skulen måtte halde løfta sine.

Kvifor tek ikkje staten ansvar?

Sogn Jord- og Hagebruksskule har landsline i økologisk landbruk og får med denne statusen godt over 9 mill. kroner i årleg driftstilskot frå staten. Staten yter dette tilskotet på det vilkår at skuleeigar skal halda bygningar og utstyr. Sogn og Fjordane fylkeskommune er skuleeigar. Fleire kunnskapsministrar har avvist å kunne gå inn med investeringsmidlar til bygg og anlegg ved SJH. Dette må skuleeigar sjølv stå for, seier staten.

Kva er investeringsbehovet konkret?

Prisen for første byggetrinn er estimert til 42,5 mill. kroner.

Samla investeringsbehov i eit 15-årsperspektiv er ca. 84 mill. kroner.

Korleis skal det fyrste naudsynte byggetrinnet finansierast?

Fylkeskommunen har sagt at dei ser for seg å gå inn med 60 % av kapitalen. Dei resterande midlane må reisast privat. Aurland kommune vil gå inn med 5 mill. kroner på vilkår av at fleire vert med.

Om det ikkje vert samla inn nok pengar og skulen vert lagt ned: Får ein pengane tilbake?

Formålsparagrafen til Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening er tydeleg på at den skal sikre at SJH held fram med å vera ein skule med undervising i økologisk landbruk og eit kunnskapssenter for berekraftig næringsutvikling. Dette formålet skal oppfyllast ved at det vert reist nødvendig kapital. Dersom noverande skuleeigar legg ned skulen, vil venneforeninga fortsette arbeidet med å sikre at SJH blir ein skule med undervising i økologisk landbruk også i framtida. Såleis er pengane som vert gjevne i gåve brukt til å sikre undervising i økologisk landbruk. Venneforeninga bestemmer på årsmøtet kva som skal skje med den innsamla kapitalen dersom det heller ikkje skulle lukkast å finne ei alternativ skuleløysing. Organisasjonen tilbyr livstidsmedlemskap for 200 kr og alle medlemmar har stemmerett på årsmøtet.

Kven engasjerer seg for saka i dag?

– Lokalpolitikarane i Aurland med ordfører i Aurland Noralv Diestad (H) i spissen. Aurland kommune vil gå inn med 5 mill. kroner på vilkår av at fleire vert med. Venneforeninga har med dette tatt steget vidare og gått i gang med å samle inn kapital i den private marknaden. Aurland kommunes dokumentoversyn for Sogn Jord- og Hagebruksskule ligg her.

– Følgjande organisasjonar/institusjonar har sendt oppmoding til Sogn og Fjordane fylkeskommune om å sikre vidare drift ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (klikk på lenkene for å lese uttalene):

WordPress nettside laget av Oransje webdesign