Utan økoskulen, ingen økobønder
– utan økobønder, ingen økomat!
Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste norske skulen som utdannar agronomar i økologisk landbruk. Skulen treng ekstraordinært vedlikehald for å oppretthalde skuledrifta. Dette skal løysast med et spleiselag mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Aurland kommune, staten og VennSJH. Venneforeininga ynskjer å unngå at skulen kjem i ein usikker posisjon igjen om nokre år. Difor vil vi jobbe for langsiktige og berekraftige løysingar for bygg og anlegg. Les meir.
Alle som ynskjer å støtte opp om undervising i økologisk landbruk og sikre ei trygg framtid for Sogn Jord- og Hagebruksskule er hjarteleg velkomne til å vere med på å styrkje økoskulen!
Styrk økoskulen på 1-2-3!
- 1.
- Gje eit økonomisk bidrag til kontoen i etiske Cultura Bank: 1254.20.79906. Merk innbetalinga med navn og e-postadresse hvis du ynskjer å bli kontakta av oss.
(For dei som heller vil overføra til lokal konto i Aurland Sparebank: 3745.30.70299) - 2.
- Teikn livstidsmedlemskap i venneforeininga for 200 kroner. Slik kan du støtte arbeidet med å sikre ei trygg framtid for SJH: Teikn medlemskap her
- 3.
- Del kampanjen via jungeltelegrafen og i sosiale medium!
– Følg VennSJH på Facebook
– Følg SJH på Facebook
Tusen takk for at du hjelper oss med å styrkje økoskulen. Alle bidrag har stor betydning!
Les meir om fordelane ved økologisk landbruk
Les meir om økoskulen Sogn Jord- og Hagebruksskule
Les meir om Cultura Bank
Ta kontakt dersom du har spørsmål.