Rekordinnsamling av elevane

Laurdag 15. november nådde dei engasjerte elevane frå Sogn Jord- og Hagebruksskule nok ein milepel. Denne dagen reiste seks elevar til Bondens Marked i Bergen og kom tilbake med over 10.000 kroner til Redd økoskulen!

Resultatet meir enn tredobla forrige rekord frå sal av Redd økoskulen!-produkt på marknad. Men den høge summen er ikkje tilfeldig. Elevane utviklar eit stadig større utval og hadde denne gongen med nyheiter som økologiske peparkaker og urtete i tillegg til tidlegare suksessar som eplechutney og sylta raudbetar. Nesten alt vart utseld. Varm eplepæretoddy med kanel og røsti steikt på takke var enda meir populært, og folk stod i kø for å kjøpe heilt til det vart tomt.

Mange hadde høyrt om kampanjen frå før, men det var og ein del som ikkje kjende til økoskulen og kampen vi kjempar. Dei kjenner godt til oss no, seier Adrianna Saliwon.

Ho og sambuaren Paul Einar Sæther starta på skulen i haust og har teke på seg mykje ansvar ved sida av skulearbeidet. Dei koordinerer Redd økoskulen!-produkt og deltaking på marknadar. Det blir rundt fem marknadsdagar til før jul, i Aurland, Lærdal og ikkje minst Bergen. På marknadene i Bergen er SJH og Redd økoskulen! til stades i to buer ved sida av kvarandre, for å gje kampanjen den plassen den fortener.

Neste Bondens Marked i Bergen er laurdag 29. november. Det blir ein spesiell dag. Heile landet mobiliserer for Redd økoskulen! og det er arrangement i alle fylke. Vi planlegg å gjere noko heilt spesielt ut av standen i Bergen. Folk kan berre gle seg.

Adrianna fortel at dei seks elevane som var på marknad 15. november hadde eit møte dagen derpå for å evaluere. Det skal visst ikkje stå på ambisjonane. Dei endte med å skrive to sider om kva som kan gjerast betre. Og så skreiv dei berre to setningar om kva som hadde vore bra.

Den fyrste stadfesta at seks elevar var eit perfekt tal personar for to marknadsbuer. Den andre konkluderte med at gårsdagens marknad alt i alt var ein suksess!

Venneforeininga er svært takknemleg for det store engasjementet og trur det har mykje å seie for Redd økoskulen! Betre skussmål kan vel ikkje skulen få enn at elevane bruker fritida si på kampanjen som skal sikre vidare drift ved Sogn Jord- og Hagebruksskule etter at dei sjølv er uteksaminert.

WordPress nettside laget av Oransje webdesign