Reddande vedtak i fylkestinget

SJH-takkOnsdag 10. desember vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane at dei er innstilt på å løyve 20 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald av Sogn Jord- og Hagebruksskule. Dei vedtok også at elevopptaket skal gå som normalt til hausten. Økoskulen er truleg redda for framtida.

 

Full utbygging og renovering vart vurdert til å vere for dyrt for fylkeskommunen. Avvikling vart vurdert til å ha store negative konsekvensar. Difor vart eit tredje alternativ, nemleg ekstraordinært vedlikehald, vedteke. Heile tilrådinga som vart vedteke ligg her.

For at fylkeskommunen skal bruke 20 millionar kroner på SJH, er det en føresetnad at det ekstraordinære vedlikehaldet sikrar skuledrift i 10–12 år. Fylkestinget vedtok å utgreie kor mykje det vil koste å gjennomføre slikt vedlikehald. Resultatet av utgreiinga skal handsamast i fylkestinget i juni. Venneforeininga ser svært optimistisk på et spleiselag med 20 millionar frå fylkeskommunen, 5 millionar frå kommunen og 5 millionar frå staten.

30 millionar kroner er ein solid sum. I tillegg vil venneforeininga bidra med over 700.000 kroner kroner frå «Redd økoskulen!», samt kapital vi skal jobbe med å skaffe til neste år. Det er utenkjeleg at dette ikkje er nok til å sikre vidare skuledrift, seier leiar i venneforeininga Aud Slettehaug.

Venneforeininga er svært nøgd med at den akutte kronerullingskampanjen «Redd økoskulen!» nå kan bli fasa ut til fordel for meir langsiktig arbeid. Kampanjen har vore ein stor suksess. Ikkje nok med at det har blitt samla inn over 700.000 kronar, det har også blitt skapt svært mykje merksemd om saka gjennom sosiale medier, store arrangement og mange presseoppslag. Venneforeininga har fått signal frå politisk hold om at kampanjen har vore med på å bidra både til avgjersla om dei 5 millionane frå staten og det positive vedtaket i fylkestinget.

Vi ynskjer å rette ein stor takk til alle som har bidratt. Det har vore utruleg gledeleg å sjå korleis heile landet har støtta opp om å redde økoskulen, seier Aud Slettehaug.

Venneforeiningas vidare plan er å samarbeide med Aurland kommune om å opprette ei stifting i januar. Stiftinga overtek arbeidet med å skaffe ytterlegare privat kapital og skal forvalte pengane som skal inngå i spleiselaget med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Stiftinga ynskjer ein tett dialog med fylkeskommunen for å bidra til bygg- og anleggsløysingar som er langsiktige og berekraftige.

Vi håper at dei som har støtta «Redd økoskulen!» vil melde seg inn i venneforeininga og vere med vidare på å sikre ei varig løysing for Sogn Jord- og Hagebruksskule. Sjølv om vi håper det kjem fleire heiløkologiske landbruksskuler dei neste åra, er det ingen som kan erstatte SJH. Skulen har vore økologisk sidan 80-talet og har eit unikt kompetansemiljø, seier Aud Slettehaug.

Venneforeininga ynskjer å takke fylkeskommunen for å ha funne ei alternativ løysing når full utbygging vart for dyrt. Det er svært gledeleg at fylkespolitikarane nå har stadfesta at dei ikkje ynskjer å legge ned skulen, og at dei har sendt eit tydeleg signal om skulen sin verdi for samfunnet. Elevane som byrjar på Sogn Jord- og Hagebruksskule hausten 2015 kan glede seg til å vere ein del av ein ambisiøs landbruksskule som nå kan fokusere framover!

WordPress nettside laget av Oransje webdesign