Spleiselag på 30 millionar!

Eit samrøystes fylkesting vedtok 17. juni at fylkeskommunen skal gjennomføra ekstraordinært vedlikehald ved Sogn Jord- og hagebruksskule i Aurland.

Vedlikehaldet har ei kostnadsramme på 30 millionar kroner. Eit spleiselag, der staten og kommunen går inn med 5 millionar kroner kvar og fylkeskommunen 20 millionar kroner, skal gje skulen eit solid løft.

Les saken her Sogn Avis.

– Vi i venneforeninga er svært letta og glade for at vi no har nok pengar til å løyse dei byggtekniske utfordringane ved skulen, seier Aud Slettehaug som er leiar i Venneforeninga.

????????????????????????????????????

Leier av venneforeninga Aud Slettehaug

Ho seier samstundes at det vert spennande å fylje arbeidet framover i lag med skuleeigar.

– Vi opplever at både politikarar og administrasjon i fylkeskommunen forstår viktigheita ved skulen. Vi skal fortsette arbeidet i Venneforeninga med å styrke skulen som lærestad for økologisk landbruk og bærekraftig næringsutvikling.

Overvelda over støtta frå Redd Økoskulen

Venneforeninga er overvelda over pengegåvene som kom inn under Redd økoskulen- kampanjen. Til saman vart det samla inn over 700 000 kr.

Dette viser det store engasjementet både lokalt og nasjonalt. Heile landet og alle fylker var involverte her.

Les meir her: Økoeventyr

Aud Slettehaug seier at dei no ser vi framover og at dei no gler oss seg til åra som kjem der leiinga kan få konsentrere seg om det faglege arbeidet og ikkje berging av skulen.

Redd Økoskulen-pengane skal nyttas bærekraftig.

– Vi må sjå vidar på korleis vi no kan vere med å bidra til utvikling på skulen. Vi har over 400 medlemmer i Venneforeninga som fyljer skulen tett, i tillegg til alle som har gitt gåver. Vi skal også sette ned ei eiga nemnd som vil få ansvaret for bruken av pengane vi fekk inn, dei skal verte nytta på ein sterkt bærekraftig måte.

Støtt arbeidet vidare! Bli medlem her

 

WordPress nettside laget av Oransje webdesign