Tusen takk og godt nytt år

Venneforeininga vil seie tusen takk til alle som til nå har bidratt på ulike måtar for å sikre framtida til Sogn Jord- og Hagebruksskule, og samstundes ynskje fortsatt god jul og godt nytt år. Saman har vi skapt eit lite økoeventyr – og større skal det bli!

Ein spesielt stor takk til:

– Alle som har gjeve små og store summar til kronerullinga. Vi har samla inn over 750.000 kroner!

– Aurland kommune for 5 millionar kroner til SJH, med ordførar Noralv Distad i spissen

– Bidragsytarar til nasjonal aksjonsdag 29. november. Mange titals personar, organisasjonar og bedrifter stilte opp!

Digital Etikett for sponsing av klistremerke

Duehuset Pub for lokaler til konsert- og quizkveld 29. november

– Elevane og dei tilsette ved SJH for STOR innsats med Open dag, marknader og mykje anna

– Fylkespolitikarane for vedtaket 10. desember, som truleg har redda økoskulen for framtida

– Jarle Offerdal for sponsing av arbeidet med å ramme inn julekalenderteikningane

Jens Hauge som donerte eit spesialopplag på ti trykk av “Vår nære fortid” til sal

– Medlemmane i venneforeininga, som støttar det vidare arbeidet

Oikos for publisitet, politisk arbeid og mykje anna

– Per Skjerdal ved Spar Aurland for sal av Redd økoskulen!-brød og sponsing av økologiske ingrediensar

Petter Napstad for videoen frå Open dag og ein suveren innsats med julekalenderteikningar som innbrakte 300.000 kroner

– Skribentar, journalistar og bloggarar for hjelp til å spreie ordet. Ein spesiell takk til Sogn Avis for å ha fylgt saka tett

Skrivargarden for sponsing av digitalisering og trykking av julekalenderteikningane

Sandsdalens tegnestue for hjelp med alt ifrå avisannonsar og plakatar til innhenting av auksjonsvarer

– Terje Horvei for arrangering av quiz i Aurland 29. november og anna støtte

– Venstre for å ha kjempa fram 5 millionar kroner til SJH i forhandlingane om statsbudsjettet

– Westernrockbandet Yuma Sun som stilte gratis og skapte ein uforglemmeleg konsert i Aurland 29. november

 

Til sist ein ekstra takk til dei som kjøpte luker i julekalenderen:

1. desember: Minime kaninoppdrett

2. desember: Astrid Cecilie og mor

3. desember: Bjørg Fritsvold og Rune Hatleli

4. desember: E-CO Energi

5. desember: Norsk permakulturforening

6. desember: Medlemmer av Mensa SIGnatur

7. desember: Trudvang Kino

8. desember: Debio

9. desember: Norsk Gardsost

10 desember: Grønn Vekst

11. desember: ØKAW AS Arkitekter MNAL

12. desember: Cultura Bank

13. desember: Flåm Camping og Vandrarheim

14. desember: Aurland Hamnevesen KF

15. desember: Flåm Utvikling / Flåm AS

16. desember: Økovenner frå Voss

17. desember: Rørosmeieriet

18. desember: Camphill Landsbystiftelse i Norge

19. desember: HANEN og HANEN Vestlandet

20. desember: Aurland Sparebank

21. desember: Dei tilsette ved SJH

22. desember: Stølsvener i Sogn

23. desember: Marianne bakeri & kafé

24. desember: Spar Aurland

WordPress nettside laget av Oransje webdesign