Finansutvalet, 6. november 2013

Budsjett 2014 – økonomiplan 2014-17: Arbeidsdokument 5/13

 

http://www.sfj.no/sff/k2pub.nsf/viewAttachments/C1256B3B0048DA1DC1257C1A004DCFF1!opendocument&frame=yes

2.5 Sogn Jord- og hagebruksskule

I arbeidsdokument 3/13 la fylkesrådmannen til grunn at det fylkeskommunale bidraget til drift og investeringar ved Sogn jord- og hagebruksskule ikkje kan forsvarast ut frå eit skulefagleg perspektiv og at framtida til skulen difor bør vurderast i lys av andre omsyn enn ordinær skuledrift.

Med bakgrunn i dette bad finansutvalet om at det vart lagt fram ei sak for hovudutval for opplæring den 26.11.13 om vegen vidare i saka om Sogn Jord- og hagebruksskule.

Fylkesrådmannen vil i denne saka ha fokus på investeringsbehovet og samla kostnader ved vidare drift av skulen. I samband med dette vil fylkesrådmannen også ta kontakt med Aurland kommune om deira utgreiing i høve Sogn jord- og hagebruksskule. Fylkesrådmannen vil ut frå dette tilrå at det vert køyrd ein prosess, med frist 1. mars 2014, for å finne moglege nye finansieringskjelder til investeringar og drift av skulen. Fylkesrådmannen ser føre seg ei endeleg avgjerd i saka i fylkestinget i juni 2014.

Det fylkeskommunale bidraget til skuledrifta og midlar til vedlikehald er førebels vidareført i planperioden. Det er førebels ikkje lagt inn investeringsmidlar til skulen i tilrådd investeringsprogram.

Tilråding

Finansutvalet sluttar seg til skissert prosess i høve avklaring av vegen vidare for Sogn jord- og hagebruksskule.

 

WordPress nettside laget av Oransje webdesign