Finansutvalet, 25. september 2013

 Budsjett 2014 – økonomiplan 2014-17: Arbeidsdokument 3/13

http://www.sfj.no/sff/K2PUB.nsf/viewAttachments/C1256B3B0048DA1DC1257BEA0033948B!opendocument&frame=yes

Side 13 og 14

Ei ev. investering ved Sogn Jord- og hagebruksskule er ikkje drøfta i den nyleg vedtekne skulebruksplanen. Grunngjevinga for dette er at landslinetilboda i hovudsak skal finansierast over statlege midlar, og at dei i stor grad er uavhengige av tilbodsstrukturen i fylket.

Skulebruksplanen er no vedteken, og det er naudsynt å ta investeringsbehova ved skulen opp til ny vurdering. Etter fylkesrådmannen sitt syn må ev. investeringar ved skulen også vurderast i lys av tal elevar frå eige fylke og det forhold at landslineordninga kan kome til å bli avvikla.

Landslineordninga og elevtal ved skulen

Landslineordninga føreset i utgangspunktet at drifta skal vere fullfinansierte med statlege midlar. Statstilskotet ligg på i storleiksorden 8,5 mill. kr. Dei siste åra har fylkeskommunen budsjettert med eigne midlar for å dekkje differansen mellom statleg tilskot og budsjetterte driftskostnader. I 2013 er dette beløpet på om lag 2,0 mill. kr. Om landslineordninga fell bort, vil heile driftskostnaden på netto 10-11 mill. kr kunne falle på fylkeskommunen.

 

 

Elevtalsutvikling: Årstal VG2 økologisk jordbruk

(26 plassar)

VG3 økologisk landbruk

(26 plassar)

Frå eige fylke Totalt Oppfylling i % Frå eige fylke Totalt Oppfylling i %
2011/12 4 23 87 3 18 67
2012/13 4 12 44 4 16 62
2013/14 2 19 73 1 14 53
 

 

           

Tabellen viser at svært få av elevane er frå Sogn og Fjordane og at både VG2 og VG3 har relativt låg oppfyllingsgrad. I tillegg er det relativt få rettselevar ved skulen (7 av 28 i 2012/13). Driftskostnaden pr. elevplass vert høg. Ev. investeringskostnader kjem i tillegg.

Investeringsbehovet ved skulen

FT-sak 40/10, der skulen si framtid vart vurdert, konkluderte fylkesrådmannen mellom anna med at:

Ei vidareføring av aktiviteten ved skulen vil krevje investeringar i bygningar og utstyr. Dei totale investeringane bør ikkje vere høgare enn at dei kan forsvarast ut frå den totale samfunnsnytten vi oppnår på relativt kort sikt, fordi vi risikerer at staten avviklar tilskotsordninga og skulen må leggast ned. Store deler av investeringane er då truleg tapte dersom investeringsnivået er for høgt. Eit investeringsnivå på 72-80 mill. kr er difor, med grunnlag i ei slik vurdering, langt utover det som bør vere aktuelt.

I lys av dette vart det gjort ein administrativ gjennomgang av investeringsprosjektet med tanke på å redusere kostnadsoverslaget. Heile prosjektet hadde fokus på å løyse investeringsbehov knytt til elevar og personale. Etter gjennomgangen sto vi att med ei minimumsløysing på 50 mill. kr som avgrensa seg til å løyse kontor til dei tilsette, undervisningslokale og ny matsal. Desse investeringane vart vurdert som heilt naudsynte å gjennomføre om drifta ved skulen skulle halde fram på sikt.

Investeringsbehovet knytt til ombygging av driftsbygningar, energieffektiviserande tiltak og vatn- og avløpssystemet vart ikkje vurdert og kostnadsrekna.

I desember 2011 handsama fylkestinget økonomiplan for 2012-15, med investeringsplanen for same periode. Det vart ikkje vedteke konkrete løyvingar til prosjektet, men i omtalen av investeringssaka vart det konkludert med at minimumsbehovet låg på 50 mill. kr, og at

fylkeskommunen var avhengig av andre bidragsytarar for å gjennomføre prosjektet. Det vart skissert ei deling av investeringskostnadane på 60/40.

I eige notat, dagsett 3.9.13, har bygge- og eigedomssjefen gjort greie for ei revidert arealvurdering og tilhøyrande kostnadsoverslag på dette prosjektet. I tillegg gjev notatet ei oversikt over historikken i høve utbetringsplanane ved skulen, jf. vedlegg 1.

På bakgrunn av ei heilskapleg vurdering av mogleg sambruk av spesialrom og reduksjon av arealbehovet er romprogrammet redusert med brutto 320 m2.

Ser ein då på eit revidert og oppdatert kostnadsoverslag vert det endra finansieringsbehovet oppdatert til dagens prisnivå slik:

Redusert utbygging opphavleg: 1475 m2 a 34.000,- kr/m2 = 50,2 mill. kr

– Innsparing sambr../reduksjon: 320 m2 a kr 34.000,- kr/m2 = 10,8 mill. kr

 

+ Løns- og prisauke, SSB indeks frå okt 2010 til juli 2013: 3,6 mill. kr

Ny kalkyle ( 1155 m2 nybygg) 43,0 mill. kr

Det er ikkje vurdert framdrift og ev. naudsynt faseoppdeling pga. av skuledrifta i perioden, men på generelt grunnlag kan ein rekne med om lag 2 år på prosjektgjennomføring frå prosjektering startar til bygget kan stå ferdig.

Legg ein til grunn same deling mellom fylkeskommunen og andre bidragsytarar som skissert i investeringsplanen, vil fylkeskommunen måtte lånefinansiere 26 mill. kr, og skaffe ekstern kapital på 17 mill. kr for å fullfinansiere revidert prosjekt.

Fylkesrådmannen sine vurderingar

Spørsmålet om kva som skal skje med Sogn Jord og hagebruksskule har drege ut. Fylkeskommunen bør no ta endeleg stilling til kva som skal skje med skulen og vurdere investeringane ved skulen i lys av dette.

Vi ser at skulen – som i utgangspunktet skal vere sjølvfinansierande – påfører fylkeskommunen årlege kostnader. På driftssida er det statlege tilskotet for lite til å dekke dei løpande kostnadane. Fylkeskommunen går difor inn med om lag 2 mill. kr årleg. I tillegg fell alle investeringskostnadar på fylkeskommunen.

Dersom ein ser på den samla bygningsmassen ved skulen, inkludert driftsbygningane, vil investeringsbehovet vere langt større enn nemnde 43 mill. kr.

Det fylkeskommunale bidraget til drift og investeringar ved Sogn Jord og hagebruksskule kan ikkje forsvarast ut frå eit skulefagleg perspektiv. Moment:

 Skulen har låg oppfyllingsgrad, og berre ¼ av elevane i 2012/13 var rettselevar. I tillegg er det no (2013/14) berre 3 elevar frå eige fylke.

 Elevar frå eige fylke som ynskjer jordbruksskuleutdanning kan få dette tilbodet på Mo, der dei har ledig kapasitet til å ta inn fleire elevar utan auka kostnader.

 

Framtida til skulen bør difor vurderast i lys av andre omsyn enn ordinær skuledrift.

Fylkesrådmannen vil ut frå dette be finansutvalet drøfte kva som skal skje med skulen.

 

Tilråding

Finansutvalet tek orienteringa om Sogn Jord og hagebruksskule til vitande.

 

 

WordPress nettside laget av Oransje webdesign