Aurland kommune gir 5 mill.

Aurland kommune støttar SJH med 5 mill. kroner og oppfordrar alle om å støtte opp om skulen økonomisk.

Aurland kommune engasjerer seg kraftig i å redde økoskulen som betyr mykje for den lokale verdiskapninga i Indre Sogn.

Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad (H) har sendt følgende lovnad og appell i forbindelse med kampanjen “Redd økoskulen!” som venneforeninga no setter i gang:

”Norge treng SJH, SJH treng vår støtte!

Aurland kommune er stolt over å vera vertskommune for Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og alle aktivitetane knytt til undervisning, kursverksemd og gardsdrift.

SJH som eit norsk senter for økologisk landbruk og berekraftig næringsutvikling, er viktig for kommunen, regionen og landet.
Kunnskap om økologisk landbruk er av stor verdi i seg sjølv, i tillegg vil stadig fleire forbrukarar ha nettopp økologiske produkt.

Aurland kommunestyre har vedteke å delta i stiftinga Sogn Jord- og Hagebruksskule med 5 mill. kroner.

Aurland kommune er glad for at SJH har så mange venner og støttespelarar. Me vonar at mange vil støtta opp også økonomisk slik at ein kan realisera heilt nødvendige investeringar.

Lat oss gå saman om å sikra framtida til SJH.”

WordPress nettside laget av Oransje webdesign