Vi skal vise at økoskulen ikkje kan leggast ned!

Det var høg stemning og mykje engasjement på infomøtet som fann stad 1. oktober. Nærare femti elevar, lærarar og andre interesserte dukka opp hjå Marianne bakeri & kafé til kveldsmat og informasjon om kampanjen «Redd økoskulen!» som no står for døra.

Målet er at kampanjen skal samla inn så mykje pengar at politikarane tek ansvar. Det gjer dei ikkje i dag. Trass målet om 15 % økologisk forbruk og produksjon innan 2020, er landet sin einaste økologiske landbruksskule truga av nedlegging. Viss vi ynskjer at borna våre skal vakse opp utan sprøytemiddel i maten, må vi utdanne økologiske agronomar!

infomøte vennsjhIMG_9486

Dersom venneforeninga klarer å reise tilstrekkeleg kapital har Sogn og Fjordane fylkeskommune signalisert at dei skal dekke 60 % av naudsynte kostnader til byggjetrinn 1 på 42 mill. kroner. Vi må altså skaffe resten. Om alle med hjarte for økologisk mat og landbruk bidreg til «Redd økoskulen!», klarar vi dette. Brei støtte i befolkninga auker presset på politikarane slik at dei må ta ansvar. Dei skal minnast på at Sogn Jord- og Hagebruksskule skapar noko som samfunnet vil ha. Flittig bruk av sosiale medium, hyppig pressekontakt, spennande arrangement og meir til skal sørgje for at alle ser kvifor skulen er nødvendig i framtidas Noreg.

Mot slutten av infomøtet vart det tid for spørsmål, kommentarar og idear. Det var mykje engasjement og idérikdom blant dei som hadde møtt fram. Fleire kom med konkrete forslag til initiativ dei vil bidra med, og fleire ville tenkje meir på korleis dei kan støtta aktivt opp om saka. For var det ein ting alle som møtte opp denne kvelden forsto, så var det verdien av det ein ti år gamal gut hadde sagt til mor si: «Dei kan ikkje leggje ned skulen, eg skal jo gå der!»

WordPress nettside laget av Oransje webdesign