Det daglege brød til inntekt for kampanjen

brødButikksjef i Spar Aurland, Per Skjerdal, har tatt initiativ til ein eiga innsamling til inntekt for Redd økoskulen! Dette gjer han ved å selje SJH-brød i butikken sin. Så langt er salet ein suksess. Samtlege brød har vore utseld kvar dag. Inntektene blir overlevert venneforeninga mot slutten av året.

Per Skjerdal meiner at SJH er ein så viktig del av både lokalsamfunnet og heile landet at ein må setja inn alt for å berge skulen. Initiativet har vekka interesse i media. Sogn Avis og NRK Radio Sogn og Fjordane har laga reportasjer:

  • Les saka i Sogn Avis her
  • Høyr ein forkorta versjon av radioinnslag her
WordPress nettside laget av Oransje webdesign