Ny elevinnsats skaffa dobla bidrag

«Kvifor tykkjer du økoskulen må reddast?» Kundane på marknaden i Eidfjord, Hardanger fekk sjansen til å vinne ei bugnande økokorg ved å svare på dette spørsmålet. Elevane ved SJH ynskjer å syne at skulen har livets rett. Laurdag 18. oktober deltok dei ivrig på to ulike marknadar. Resultatet fra marknadsdagen 4. oktober vart dobla og elevinnsatsen skaffa no heile 5000 kroner til Redd økoskulen!

Men det var altså ikkje berre det å samla inn pengar som var viktig. Kundane i Eidfjord vart engasjert i kampanjen gjennom konkurransen der dei fekk kome med innspel som elevane lova å formidle vidare til politikarane. På marknaden i Aurland vart det delt ut skriftleg informasjon om at SJH er truga av nedleggjing, med ei oppfordring om korleis folk kan bidra til å redda skulen. Les meir om kampanjen her!

Mange elevar og fleire lærarar var involvert i førebuingane og gjennomføringa av dagen. Nokre hadde laga grønnkålchips, karamellisert eplemos og sylta raudbete. Desse produkta vart selt til inntekt for Redd økoskulen! saman med blant anna varm epletoddy med kanel og ferske rotfruktrøsti rett frå steiketakka. Alt var populært og på marknaden i Eidfjord, som hadde flest besøkjande, vart dei utselde for både chips og eplemos.

Elevane kjem til å helde fram med ulike initiativ heilt til skulen er redda. Men dei kan ikkje redda skulen åleine. Venneforeninga treng medlemmar, samstundes som kronerullinga må fortsetje for fullt. Og kvifor økoskulen må reddast?

«Kvar skal ellers visjonar og nytenkjing koma frå?»

Det var svaret som vart premiert med den innhaldsrike økokorga!

WordPress nettside laget av Oransje webdesign