Suksessdag på SJH

DSC06979Open dag på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) laurdag 1. november var ein stor suksess. Trass regnvêr kom det over 140 tilreisande og totalt resulterte dagen i ca. 45.000 kroner inn på kampanjekontoen til «Redd økoskulen!»

Folk kom frå mellom anna Lærdal, Voss, Hafslo og Granvin – og nokon kom heilt frå Kristiansand. Dei besøkande fekk oppleve alt ifrå ponniriding, eventyrstund til forfattarforedrag og minikurs i stell av dyr og planter. Av andre tilbod var det økologisk kafé innan- og utandørs, konkurransar, omvising på garden og auksjon. Dagen vart runda av med SV-politikar Bård Vegar Solhjell som annonserte vinnaren av fjordfekalvens namnekonkurranse. Kalven fekk det klingande namnet «Flora». Album med bilete frå dagen ligg på Facebook-sida til Redd økoskulen!

Elevane som tok initiativ til Open dag hadde som mål å samle inn pengar til kampanjen «Redd økoskulen!» for å sikre vidare drift av SJH, samstundes som dei ynskte å skape ein hyggeleg laurdag for lokalsamfunnet. Lokalt næringsliv bidrog raust med auksjonsvarer, og høg stemning i lokalet førde til eit imponerande sluttresultat på 34.000 kroner. Etter flaumens herjingar denne veka vart det bestemt at halvparten av inntekta frå auksjonen skulle gå til Aurland Røde Kors. Den andre halvparten pluss andre inntekter frå dagen førte til eit betydeleg bidrag på ca. 45.000 kroner til «Redd økoskulen!».

Skulens venneforening rettar ein stor takk til både elevar, lokalt næringsliv og besøkande. Kampanjen har fått eit kraftig løft gjennom arrangementet, men like viktig er det at mange frå lokalsamfunnet fekk oppleva ein mangfaldig og samlande dag etter flaumen. Venneforeninga er også glad for at Aurland Røde Kors får økonomisk støtte som takk etter sin store innsats den siste veka.

Elevane ved SJH ynskjer å takke alle som bidrog til laurdagens suksess. Lærarar stilte opp på fritida både i forkant og undervegs, og skuleleiinga hjelpte til med stort og smått. Aurland kommune flytte mellom anna Nynorske litteraturdagar sitt arrangement «Kokebok frå Flåm skule» til SJH. Barna gjorde ein framifrå innsats med å presentere boka si. Den lokale Spar- butikken sponsa økologiske ingrediensar til kaféen. Alle dei som bidrog så raust med auksjonsvarer er lista opp alfabetisk her:

Arkitekt Jarle Sandvik
Anonym givar frå Lofthus
Aurland Bil og Maskin
Aurland Elektriske
Aurland Energiverk
Aurland Fjellstyre
Aurland Naturverkstad
Aurland Sparebank
Bos Hagedekor
E-CO Energi
Fjord 1
Flåmsbrygga
Frigard Lærdal
Indre Sogn Kystlag
Fotograf Jens Hauge
Jernia
Lærdal Grønt
Marianne Bakeri & Kafé
Glasblåsar Merete Rein
Mori of Norway
Motorikpark Lærdal
Otternes
Paul E. Sæther og Adrianna Saliwon
Rune Hatleli
Salong Krølle
Forfattar Siri Helle
Garden Skjerdal
Sognaporten
Sognebia
Spiren Gardsbarnehage
Trudvang Kino
Verdsarvparken
Ægir
Østerbø Fjellstove

WordPress nettside laget av Oransje webdesign