Hjarteleg takk til Venstre

Venstre fekk gjennomslag for dei fleste av krava sine i forhandlingane med regjeringa om statsbudsjett for 2015. Under «Utgiftsøkninger ruste Norge for fremtiden» er det satt av 5 millionar kroner til SJH.

Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening ynskjer å rette ei stor takk til Venstre for innsatsen. Meir pengar i potten auker sjansane for at ein får gjort naudsynte utbyggingar / ekstraordinært vedlikehald som skal sikre vidare skuledrift. Kampanjen Redd økoskulen! fortset med uforminska styrkje for å møte Sogn og Fjordane fylkeskommune si utfordring om spleiselag.

Aurland Venstre har sendt fylgjande kommentar til venneforeininga:

Venstre fekk gjennomslag for dei fleste av krava sine i forhandlingane med regjeringa om statsbudsjett for 2015. Forutan tapskompensasjon til fylkeskommunane, med 60 millionar kroner, opppnådde me også ei bra løyving til Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH), med 5 millionar kroner. Som kjent for dei fleste var det tøffe forhandlingar om mange store og tunge saker, men Venstre vann altså fram med krav om løyving til SJH.

Dette er ei viktig sak for Venstre, og partileiar Trine Skei Grande har fulgt opp etter besøket ho hadde på skulen i mars tidlegare i år.  Sogn og Fjordane Venstre og Aurland Venstre er svært glad for det me har oppnådd på vegne av Sogn og Fjordane fylke.

Terje  Horvei

Styremedl. Sogn og Fjordane Venstre

Leiar Aurland Venstre

Tidlegare i år vart SJH tildelt Sogn og Fjordane Venstre sin Miljøpris 2014. Grunngjevinga kan du lese her.

WordPress nettside laget av Oransje webdesign