Rekord på alle måtar!

Laurdag 29. november vart nok ein rekorddag for Redd økoskulen! Men denne gong vart det ikkje berre rekordinnsamling av pengar, rekordsal på marknad eller rekordverving av medlemmar. Det vart alt i eitt – og summen på kampanjekontoen kjem til å auke med over 100.000 kroner!

Meir enn 30 arrangement fordelt på alle 19 fylke sørgde for suksessen. Det er førebels uklart kor mange nye medlemmar venneforeininga endar opp med totalt, men berre i Grimstad aleine vart det verva 30 stykk. Ei uke tidlegare verva Grimstad-gjengen 45 nye medlemmar, og venneforeininga er svært takksame for innsatsen.

I Bergen sette elevane ny rekord på marknad med over 12.000 kroner inn, mellom anna takka vere dagsauksjon på ein eksklusiv Redd økoskulen!-julekalender det berre finst fire av i landet og eit forseggjort peparkakefjøs med luftegard og kakedyr. Elevane var også til stades på julemarknad i Aurland. Der vart dei utselde for det meste og vann attpåtil prisen for finaste stand.

Gjennom heile dagen tikka det inn artige meldingar frå fjern og nær om korleis det gjekk med arrangementa. Nedanfor har vi samla eit utval av desse. Venneforeininga vil seie TUSEN TAKK til alle som var med på å skape ein historisk dag for Sogn Jord- og Hagebruksskule. Lokal pressedekning diverse stader, mange nye medlemmar i venneforeininga og snart over 100.000 kroner meir inn på kontoen har uten tvil stor verdi. Men verdien av ringverknadene av dagen er enda mykje større!

Sjå bildeserie nederst og les sak på nrk.no her.

FINNMARK: Vi støtter SJH og spiser solidaritetsvafler. Martine helt til venstre vil begynne hos dere til høsten!

BUSKERUD: Jeg må si det har vært en fantasktisk mobilisering for å redde skolen, tror ikke det er mange andre skoler i landet som hadde klart å få til en slik oppslutning!

HEDMARK: I alle fall skaffa vi med vår vesle innsats i dag kredibilitet for at aksjonen var landsdekkande. Håper det vert eit vanvittig kjemperesultat på landsbasis!

HORDALAND: Me hadde ein koseleg dag med masse sveler og kaffi og verdens beste gløgg frå Nordlysgløgg. Folk var positive med ein gang dei fekk høyre om Aurland og skulen, då ville dei fleste støtte.

MØRE OG ROMSDAL: Ordfører i Tingvoll Peder Aasprang sto også på stand, og økokommunen Tingvoll har gitt en støtteerklæring til SJH. Det har også Bioforsk Økologisk gjort, og stiftelsen NORSØK. Viktig er det også at vi har samles på tvers av organisasjoner, for en felles hjertesak – og vi har kost oss på stand!!!

ROGALAND: Me fortsetter arbeidet med både å skaffa meir medlemmer til vennsjh.com og snakke meir med avisa.

SOGN OG FJORDANE: Fekk inn 6.625 kr i regi av Slow Food Solund. Folk var veldig positive og det var god stemning!

TROMSØ: Til tross for at det er omlag 1746 km til Aurland merkar me også her at engasjementet er stort. Kakesalet fekk inn 1000 kr som er overført til kontoen. Ikkje ein sum som åleine reddar skulen, men kanskje like viktig merka me oss kor mange som allereie visste om aksjonen og som var interesserte.

VESTFOLD: Auksjonen i Åsgårdstrand ble en morsom, folkelig opplevelse med to geiter som hedersgjester! Vi samlet inn ca 8000 kr. Det har vært en glede å være med på kampanjen!

ØSTFOLD: Konserten med Gerry Geraldi og Sunniva Berg var magisk og samlet folk rundt loddtrekningen. Det var fint for oss som innflyttere å bli kjent med andre “grønne folk”. Vi har allerede begynt å snakke om å få i gang et andelslandbruk her. Det er et godt eksempel på ringvirkning :-)

WordPress nettside laget av Oransje webdesign