Julegåvetips: Livstidsmedlemskap i venneforeininga

Ynskjer du å gje julegåver med meining? For 200 kroner kan du gje livstidsmedlemskap i Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening i julegåve, og støtte arbeidet som har fylgjande føremålsparagraf:

Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening (VennSJH) er ein ideell medlemsorganisasjon.

Føremålet med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) Venneforening er å sikre at SJH held fram med å vera ein skule med undervising i økologisk landbruk og eit kunnskapssenter for berekraftig næringsutvikling.

Føremålet skal mellom anna oppfyllast ved at det vert reist kapital til naudsynte investeringar i bygg og anlegg.

Slik gjer du: Gå inn på innmeldingssida her. Velj antall livstidsmedlemmar du vil melde inn, og før opp namn + e-postadresser til dei i skjemaet. Betal. Til slutt lastar du ned infoarket om livstidsmedlemskap her. Skriv det ut til gåvemottakarene, eller send det på e-post.

Tusen hjarteleg takk for at du nyttar anledninga til å støtte venneforeininga sitt viktige arbeid!