Torsdag 4. desember fekk Sogn Jord- og Hagebruksskule besøk av representantar frå Fagforbundet Aurland. Applausen vart stor då dei under lunsjen i matsalen avslørte ein sjekk på 10.000 kroner til venneforeininga. Tusen hjarteleg takk!
Her er bakgrunnen for tildelinga:
Fagforbundet Aurland har gjennom fleire år følgd utviklinga for Sogn Jord- og Hagebruksskule, og den kontinuerlege prosessen for å ”overleve” som skule og kompetansemiljø. Mange gonger har ein vore uroa for at dei tilsette og andre gode krefter ikkje skulle makte dette i det lange løp. Fagforbundet Aurland har vore kjend med det mangfaldet som skulen representerar i kunnskap og kompetanse på mange områder, og som er unik, i fremste rekke nasjonalt, men også utafor landet sine grenser. Ein har og vore kjend med den solide statusen skulen har opparbeida seg som føregangsskule innafor økologisk landbruksutdanning. Fagforbundet Aurland har ved fleire høve prøvd å engasjere Fagforbundet sentralt, slik at ein kunne få nytte dei organisatoriske mogelegheitene som det største LO-forbund har til å påverke gjennom sine kontaktpunkt med politiske miljø.
Fagforbundet Aurland har den siste tida vore sterkt uroa for at skulen ville bli ekstra utsett gjennom endringar i den fylkeskommunale skulestrukturen, dei store økonomiske reduksjonane som Sogn og Fjordane fylkeskommune må gjennom, og no sist tilbakebetaling av Dagmar-tilskot.
Sjølv om ein gjennom lang tid har vore uroa, så om nokon har ni liv så har i alle fall Sogn Jord- og Hagebruksskule det , og kanskje ni til. Det er mange som opp gjennom åra har stått på barrikadane for skulen, og ekstra gledeleg er det å sjå det store og godt synlege engasjementet som er no.
Venneforeininga som er oppretta, elevar og tilsette ved skulen som gjennom sitt engasjement har fått fram kva skulen representarar av kunnskap og kompetanse, har visuelt plassert den og Aurland kommune på kartet for store deler av det norske folk. Truleg har dette engasjementet ført til at nedlegging av skulen ikkje er eit aktuelt tema lenger.
For Fagforbundet Aurland var det heilt naturleg å støtte venneforeininga moralsk, men og med eit forsiktig økonomisk bidrag. Dette ut frå eit sterkt og ekte ynskje om at Sogn Jord- og Hagebruksskule skal få lov å bidra, og bruke kreftene på å skape ei samfunnsutvikling basert på økologiske prinsipp i staden for kjempe for å overleve.